Webinar: Alle våre språk
11. februar 2026 kl. 14:30 – 15:15

Tid: Tysdag 11. februar 2026 klokka 14.30–15.15
Kvar: På zoom. Meld dykk på (Nettskjema)
NAFO saman med Nettverket for tospråklege lærarar i Noreg ynskjer velkomen til eit kort webinar.
På webinaret vil du få moglegheita til å lære nokre fraser og ord på utvalde språk. Vi viser også fram ressursar som kan vere med på å markere og synleggjere fleire språk i barnehage og skule. Aktivitetane de får høyre om kan vere døme på aktivitetar som kan gjennomførast i barnehagar og skular i samband med Morsmålsdagen 2026.
Du møter tospråklege lærarar som vil lære bort nokre ord og uttale, samt fortel litt om ulike språk. Lærarane har god erfaring i å arbeide i fleirspråklege klasserom og bruke metodar som synleggjer språk i undervisninga.
Bli med på eit annleis webinar og bli inspirert!
Målgruppe: Tilsette i barnehage og skule, og andre som er interessert i språk

